Høring etiske retningslinjer
På Studentsamfunnets Generalforsamling våren 2024 vil komiteen for etiske retningslinjer legge fram forslag om å implementere etiske retningslinjer for Studentsamfunnet i Ås. Komiteen ønsker med dette å inkludera medlemmer til å komma med innspel på utkastet. Målet med innspelsprosessen er å sikra at alle medlemmer skal kjenna eigarskap og vera med å påverka forslaget til dei etiske retningslinjene.
Bakgrunnen for arbeid med å få på plass etiske retningslinjer er eit ønske om å tydeleggjera kva etisk standar Studentsamfunnet i Ås har for å sikra trivsel og eit godt miljø. Utarbeidinga av etiske retningslinjer bygger på formålsparagrafen § 1.1, der me ønsker å fremja eit godt kameratsleg samvære mellom Studentsamfunnet sine medlemmer.
Komiteen ønsker å få innspel frå Studentsamfunnets medlemmer. Fram mot Generalforsamlinga våren 2024 kan medlemmene komma med innspel til utkast på dei etiske retningslinjene. Innspel eller spørsmål kan rettast til HR@samfunnetiaas.no eller ein av representantane i komiteen.
Representantar i komiteen:
Kristiane Holter: kristianeholter@hotmail.com
Vilde Kjelsrud Pedersen: vildekp@hotmail.no
Åslaug Flatabø: aslaug.flatabo@nmbu.no
Johanna Walmann Hidle: johannahidle@gmail.com
Andreas Kinnari: andreas.kinnari@gmail.com
Brage Bærheim: brage.barheim@nmbu.no